Velkomen til heimesida for Nordhordlandsprosjektet – saman om velferdsteknologi.
Dette prosjektet er eit samarbeid om velferdsteknologi mellom dei 10 kommunane: Austrheim, Fedje, Lindås, Masfjorden , Meland, Modalen, Osterøy, Radøy, Vaksdal og Gulen
Hovudmålet i prosjektet er:
I 2020 er velferdsteknologi ein naturleg del av tenestetilbodet i Nordhordlandsregionen. Innbyggjarane skal få etablerte og velfungerande velferdsteknologitenester uavhengig av alder, funksjonsnedsetting og bumiljø.
Heimesida vil gje informasjon om prosjektet, slik at innbyggjarane og interesserte kan følgja med arbeidet som vert gjort i prosjektet, skapa interesse og kunnskap rundt velferdsteknologi.
Ved å gå innpå «om prosjektet» kan ein finne informasjon om:
- Bakgrunn for prosjektet
- Deltakarar og samarbeidspartar
- Kontaktinformasjon
- Styringsdokument og planar
- Status i prosjektet
Det vil bli lagt ut informasjon fortløpande, slik at ein kan halda seg oppdatert på dei aktivitetar som skjer etterkvart i prosjektperioden. Dette kan ein også få oversyn over i «aktivitetskalenderen» og under «siste nytt».
Me håpar mange vil nytta heimesida og følgja med på prosjektet framover!