Det er etablert ei arbeidsgruppe  for anskaffing som består av; Elin Eikemo – leiar av arbeidsgruppa,  Nils Ingvald Halle – IKTNH, Bjørn Tore Vaktskjold – IKTNH innkjøp, Kari Bjørkheim –  prosjektleiar, Svein Helge Hofslundsengen – Rådmann Masfjorden, Helga I. Ellingsen –  leiar helse og omsorg  Masfjorden – representerer vertskommunen i prosjektet, Anita Sævild – prosjektmedarbeidar

Leverandørutviklingsprogrammet er tilgjengeleg for råd og rettleiing i prosessen med dette arbeidet og har delteke i møter med arbeidsgruppa.

Hausten 2017 har arbeidsgruppa følgt prosessen i prosjektet med kartleggingsarbeid ute i kommunane, som skal danna grunnlaget for anbodskonkurransen.

 

Den 12.12.17 vart det arrangert eit informasjonsmøte for kommunane som er med i prosjektet  med invitasjon til  andre kommunar,  som kan vera interessert i å samarbeide. I dette møtet presenterte arbeidsgruppa prosjektet med følgjande plan for anskaffing:

  1. Halvår 2018: Førebuing og gjennomføring av anbodskonkurranse
  2. Halvår 2018: Oppfølging av kontrakt og leveranse
  3. 2019: Implementering av velferdsteknologi i kommunane med drift frå 2020

Arbeidsgruppa har vidare arbeidd med å få avklart samarbeid med andre kommunar. Dette har ein tatt sikte på å få avklart i starten av 2018, før ein å går vidare i sjølve anbodsprosessen.

Arbeidsgruppa deltok i haust på første av tre delar i kurset «Balanserte anskaffelser  gjennom dialog». Dette er eit kompetansehevande tiltak innan anskaffing med fokus på god dialog med marknaden

Forarbeid anskaffing av velferdsteknologi