Omsorgsteknologi i Lindås kommune
– ei satsing for innbyggjarane

Omsorgsteknologi i Lindås har vore eit prosjekt over fleire år som gjennom prosjektperioden og no har vore ei ordinær teneste  som ei av våre omsorgstenester  til innbyggjarane i kommunen.

Dette er innovasjon i offentleg sektor og kommunen med sine politikarar, leiarar og fagfolk har heile vegen vore framoverlent og satsa tungt på dette, då vi ser at omsorgsteknologi gir kvalitet, effektivitet og auka brukartilpassing.

Å ha omsorgsteknologi som teneste gir stor grad av fridom for brukaren, og tilbakemeldingane frå våre brukar og pårørande viser at dette også gir livskvalitet og tryggleik i kvardagen. Når våre brukarar og pårørande opplever tryggleik i heimen slik at ein kan bu lengst mogeleg i eigen heim, då får vi positive gevinstar for alle parter, og kommunen er med å trygge framtidas helse- og omsorgsteneste.

I Lindås har vi både tettbygde strok, men også mykje spreidd bustad og mindre bygder. Dette fører til at dei tilsette i heimetenesta må bruke mykje tid i bil. Omsorgsteknologi har difor hatt fokus på tidleg innsats og skreddarsydde tenester slik at tilgjengelege ressursar kan brukast og nyttast der behov er størst, og at fleire kan bu i eigen heim og kjenne på tryggleik og livskvalitet.

Satsinga på omsorgsteknologi har og er godt forankra både politisk og fagleg/administrativt. Dette er viktig for oss, og det er også viktig at fagfolket, alle som jobbar i heimetenesta får god opplæring og ny kompetanse, slik at dei kjenner seg trygg på tenesta . Trygge tilsette gir trygge brukarar og pårørande.

 I Lindås har denne tenesta heile tida vore opptatt av god forankring , og både prosjektleiing og leiarar og tilsette legg for dagen stor innsats for at våre innbyggjarar skal kjenne seg ivaretatt og trygge.

Dialog og samarbeid må til for å lukkast, og dette vert ein aldri ferdig med. Skal vi lukkast med å gje god kvalitet i tenestene også med omsorgsteknologi må alle partar samarbeide . Det handlar om å gje kunnskap, forklare kva det handlar om , og skape det rommet som gir tryggleik for den einskilde . Ei god og verdig teneste er bygd opp i Lindås kommune og eg trur at dette vil ein fortsette med å utvikle. Vi har alle muligheiter til å klare å være dyktige medarbeidarar som ser den einskilde brukar og pårørande og er med å skaper kvalitet og tryggleik kvar einaste dag.

Mvh, Astrid Aarhus Byrknes
-Ordførar i Lindås kommune-

 

 

Helsing frå ordføraren i Lindås