Ein gang i månaden møtast ressurspersonane frå kommunane som er med i Nordhordlandsprosjektet -saman om velferdsteknologi til ressursgruppemøte. Målet med møtene er kompetanseheving, felles informasjon og kunnskaps- og erfaringsdeling. 

7. november 2018 hadde vi besøk av kommunepsykolog i Lindås, John Petter Wadseth. Tema var å gje ressurspersonane kunnskap om endringsprosessar. Velferdsteknologi medfører endring i måten å organisere og gje tenester på. Ressurspersonane skal vere nettopp ressurs, motivatorar og pådrivarar i denne prosessen i sine kommunar. Kunnskap på dette området er difor viktig. Det er fint å kunne hente inn lokale ressursar på området.

Ressursgruppe-samling – Kompetanseheving for ressurspersonar