6. november vart det arrangert heildagskonferanse i regi av Nordhordlandsprosjektet på Nordhordland folkehøgskule. Her var det ca 150 påmelde

Saman om som gjennomgangstema for konferansen
Konferansen vart  opna av ordførar i Lindås, Astrid Aarhus Byrknes. Lindås-ordføraren fekk med seg ordførarane i salen opp på scena, og dei var saman med Astrid, forsangar til sangen «Nordhordland» (B. Leithaug). Stian Lavik akkompagnerte på piano.

 

  • Torill Eidsheim (stortingsrepresentant H): snakka om behovet for innovasjon i helse og omsorg, og at digitalisering er nødvendig for eit bærekraftig velferdssamfunn. Teknologien vil kunne gje nye jobbar. Torill Eidsheim 06.11.18
  • Kristin Standal (prosjektleiar Velferdsteknologiprogrammet/KS): snakka om forventningane til kommunane, dei ulike prosjekta og status i nasjonalt velferdsteknologiprogram. Tilbakemelding til Nordhordlandsprosjektet om at det som vert gjort i vår region samsvarar med suksesskriteriene for å lykkast med innføring av velferdsteknologi som naturleg del av tenestene Kristin Standal 06.11.18
  • Kari Bjørkheim (leiar Nordhordlandsprosjektet): gjennomgang av status i Nordhordlandsprosjektet og kva endringsprosessar som må til for å lukkast Kari Bjørkheim 06.11.18
  • Christian Fotland (rådmann i Os): snakka om digitalisering og korleis teknologibruk framtvingar seg sjølv gjennom teknologisk utviklinga og forventingar.
  • Tone Bye (Pensjonistforbundet): fortalte at ho har vore rundt og snakka med medlemmene og dei ynskjer å klare seg lengst mogeleg sjølv, og dei er interessert i å ta i bruk teknologi. Det viktige spørsmålet er: kva kan ein sjølv gjere for å forebygge og vere trygge, mestre og leve aktive liv? Tone Bye 06.11.18
  • Trine Grønbech (rådmann i Vaksdal):  avslutta konferansen med å oppfordre til å spele kvarandre gode. Kommunane møter felles krav og utfordringar, og det er viktig å lukkast saman Trine Grønbech 06.11.18

Stand

Vaksdal kommune og Alver-kommunane representert av Lindås hadde demonstrasjon av velferdsteknologi som er tatt i bruk i kommunane.

Prosjekt Lev Vel i Vaksdal

Velferdsteknologi i Lindås

Inviterte/deltakarar på konferansen:

  • Husbanken
  • kommunale råd
  • KS/Velferdsteknologiprogrammet
  • lag og organisasjonar
  • leverandørar
  • politikarar
  • Regionrådet
  • spesialisthelsetenesta
  • tillitsvalde og verneombod
  • tilsette og leiarar i kommunane
  • utdanningsinstitusjonar

Foredragshaldarar

T-skjorte og Nordhordlandsprosjekt-kopp til alle som hadde innlegg og bidrog
Konferansen vart opna med allsang av sangen «Nordhordland» (B. Leithaug). -leia av Lindås-ordførar Astrid Aarhus Byrknes saman med dei andre ordførarane på konferansen.

 

 

 

Konferanse 06.11.18 Framtidsretta, dynamiske og skreddarsydde omsorgs- og helsetenester