Ein viktig milepæl vart nådd med kontraktsignering mellom Atea og 7 kommunar i Nordhordlandsprosjektet, samt kommunane Austevoll, Fusa og Os 15. februar 2019

Signering av kontrakt. F.v. Einar Vaage (regiondirektør Atea), Ingvild Hjelmtveit (rådmann Osterøy), Christian Fotland (rådmann Os), Nils-Petter Borge (rådmann Fusa) og Arild Hofland (IKT-rådgjevar Austevoll)

 

 

Regionsdirektør i Atea, Einar Vaage, ønska velkommen og snakke om samarbeid leverandør og kommunar som kontrakta inneber. Osterøy-rådmann Ingvild Hjelmtveit snakka om at velferdsteknologi kan medverke til auka kvalitet og at brukarane kan vere «herre i eige liv». Prosjektleiar i Nordhordlandsprosjektet, Kari E. Bjørkheim, snakka om at det er brukarane sine behov for gode tenester i framtida som er bakgrunnen for denne anskaffinga. Kari gjekk òg gjennom prosessen frå oppstart anskaffingsprosess til avgjeringa av leverandør vart tatt. Første møte i prosjektgruppa for anskaffing av velferdsteknologi i Nordhordlandsprosjektet var i byrjinga av desember 2017. Litt over eit år seinare vart det avgjort kven som fekk anbodet, og kontrakt vart signert 15.02.19.

Gruppa som har jobba med anbodet. Bak f.v. Bjørn-Tore Vaktskjold, Gro H. D. Løvik og Arild Hofland. Framme f.v.: Anita L. Sævild, Tove Gylløw, Kari Bjørkheim, Åshild Øvrebotten og Elin Eikemo. Nils Ingvald Halle var ikkje til stede.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Alle foto: Anita B. Rath, Atea

Kontraktsignering velferdsteknologi 15.02.19