Kvar kommunne har nedsett sine eigne arbeidsgrupper knytt til prosjektet. Kommunane har løyst dette ulikt ut ifrå korleis dei er organisert og størrelsen på kommune. Det fyrste halvåret har fokuset i desse arbeidsgruppene vore på å jobba fram grunnlaget for behova i kvar enkel kommunen og fått fram dei ulike problemstillingar i sine kommunar. 1. oktober gjennomførte alle kommunane ei 0 – kartlegging etter eit felles skjema som er starten på faste kartleggingar i prosjektet som eit hjelpemiddel for å kartlegge behov og letta arbeidet knytt til gevinstrealisering.

I tillegg har kvar enkelte kommune valt ut minst to ressurspersonar som skal vera kontaktleddet mellom prosjektgruppa og kommunane. Ressurspersonane er tilsette som arbeider nærme brukarar. Ressurspersonane møtes jevnleg for å få informasjon og drive erfaringsutveksling.

Prosjektgruppa har i løpet av 1. kvartal i 2018 gjennomført lokale arbeidsseminar i dei 10 kommunane. Hensikta med seminara er at alle kommuanen har fått hjelp i arbeidet med behovskartelgginga i eigen kommune. Ein har brukt 0 –kartleggjinga som eit utgangspunkt saman med ulike tenesteforløp. Dette skal brukas som grunnlag for anskaffing av velfersdteknologi.

 

 

 

 

 

Lokalt arbeid i kommunane