OPPSTARTMØTE MED KOMMUNANE I VESTLANDSPROSJEKTET

6. mars var dei 16 kommunane samla for oppstartmøte
Nordhordlandsprosjektet vert historie frå 1. mars 2019. Og prosjektet går over i ein ny fase, med utviding med 6 nye kommunar, og får i den anledning nytt namn. Vi vil ynskje Austevoll, Fusa, Granvin, Os, Ulvik og Voss velkomne.

Prosjektet får oppgradert grafikk i logo og byter farge. Dette for å symbolisere at prosjektet gjennom å ta opp nye kommunar, går inn i ein ny fase. Rune Garmann frå Masfjorden kommune er framleis den som utformar logo. Prosjektet vil få ny nettside, og Facebook-side kjem det òg endringar med. Meir informasjon kjem.

På oppstartmøtet vart prosjektmandat og samarbeidsavtale gjennomgått. Det vart gjennomgått samansetjing av styringsgruppe, prosjektgruppe, referansegruppe og ressursgruppe. Kommunane fekk presentert viktige arrangement og milepælar framover. Dei 6 nye kommunane presenterte sine forventningar til deltaking i Nasjonalt velferdsteknologiprogram og Vestlandsprosjektet, status velferdsteknologi i eigen kommune og kva behov dei har.

Prosjektleiar Kari E. Bjørkheim presenterte ny nettside og oppgradert logo

 

 

 

Nordhordlandsprosjektet vert Vestlandsprosjektet