«Nordhordlandsprosjektet- saman om velferdsteknologi.»

Kommunane i Nordhordlandsregionen  ynskjer å samarbeide omkring utvikling av gode tenester og kompetansebygging i møte med ny teknologi og morgondagens omsorg.

Regionen forventar større press på helse- og omsorgstenestene på grunn av demografiske endringar og auke i oppgåvene som resultat av bl.a  samhandlingsreforma. Spreidd busetnad og geografi skaper òg utfordringar for denne sektoren i mange av  kommunane våre.

Nordhordlandskommunane søkte  derfor, saman med Utviklingssenteret for sykehjem og hjemmetjenester i Hordaland, om opptak i det Nasjonale velferdsteknologiprogrammet, 2017- 2020. Søknaden omfatta  innføring og implementering av velferdsteknologi, samt responssenter i dei 10 kommunane. Kommunane fekk  godkjent søknaden og fekk tilskot på 1, 8 mill kr i 2017  frå det Nasjonale velferdsteknologiprogrammet ved Fylkesmannen. Prosjektet er òg eit forskingsprosjekt i regi av Høgskolen på Vestlandet ved Senter for omsorgsforsking Vest.

Det nasjonale Velferdsteknologiprogrammet har som mål  at velferdsteknologi skal vere ein integrert del av helse- og omsorgstenestene innan 2020. Programmet er eit spreiingsprogram med fokus på implementering og gevinstrealisering. Hovudmålet for bruk av velferdsteknologi er auka tryggleik, meistring og fridom –  noko som betyr betre, skreddarsydde tenester med auka kvalitet til brukarar og for pårørande.

Teknologi kan òg bidra til meir effektiv bruk av ressursar i helse- og omsorgstenestene. Dette skjer ved tenesteinnovasjon og stor grad av brukarmedverknad. Velferdsteknologi kan  òg vere eit viktig førebyggjande tiltak.

Erfaringar frå andre prosjekt  i Norge viser til at innføring av velferdsteknologi ikkje er eit klassisk teknologiprosjekt, men at faktorar som prosessendring, kommunikasjon, tenestedesign og gevinstrealisering er sentrale område. Prosjektet si målsetjing blir dermed ikkje berre å sikre anskaffing og utrulling av teknologi, men å sikre forankring, lokalt eigarskap, kommunikasjon, brukarmedverknad og kompetanseheving for å oppnå best mogeleg gevinstrealisering.

For å nå prosjektmåla er det derfor viktig å starte eit målretta samarbeid og setje i verk  tiltak allereie no. I «Nordhordlandsprosjektet- saman for velferdsteknologi» legg ein til grunn at nasjonale føringar skal fyljast, jf. Omsorg 2020. Dette er tidkrevjande arbeid og omfattar brukarar av tenester og  tilsette som yter tenester. Samtidig vert organiseringa av heile helse- og omsorgssektoren påverka.

Nordhordlandsregionen omfattar eit stort geografisk område, med til dels spredd busetnad, store avstandar og vanskelege køyreforhold. Det kan derfor vere store utfordringar med å implementera og drifta  nye velferdsteknologiske  løysingar. Men det er òg her vi ser at det kan verte store gevinstar.

Deltakarkommunane er einige om felles strategi og  arbeidsmetodikk for å få til implementering i dei 10 komunane, og å bistå med erfaringsformidling til andre komunar i fylket. Erfaringar frå Nordhordlandsprosjektet  vil kunne ha nasjonal overføringsverdi, og prosjektet vil på denne måten framstå som ein ressurs for andre kommunar.

Dei 10 Nordhordlandskomunane  har utarbeida felles visjon, verdiord, hovudmål og resultatmål  for prosjektet:

Visjon:

«Nordhordland- saman om velferdsteknologi.»

Verdiord:

Tryggleik- meistring- fridom.

Hovudmål:

«Kommunane I Nordhordland utviklar effektive og gode omsorgsløysingar ved hjelp av velferdsteknologi.»

Resultatmål:

«Kontroll og tryggleik i eige liv.»

Brukarmedverknad:

Brukarmedverknad vert ivaretatt på både individnivå og systemnivå. I denne satsinga vil sentrale organisasjonar som FFO, Pensjonistforbundet, Nasjonalforeininga  m.fl. vere representert i referansegruppa. Lokalt i den enkelte kommune vil ein òg ha eit samarbeid med Eldreråd, Kommunalt råd for funksjonshemma og andre lag og organisasjonar.

Typar teknologi:

Det er primært tryggleikskapande teknologi ein vil satsa på i  prosjektperioden. Ein vil byggja på erfaringar frå andre kommunar og pilotar som er gjennomført, og som har dokumenterte resultat.

Tenesteinnovasjon:

Alle kommunane tenker bruk av velferdsteknologi som eit element i tenesteutvikling. I planar for anskaffing, implementering, integrering mot pasientjournalsystem m.v. vil det bli teke hensyn til at velferdsteknologi skal vere eit ledd i framtidig tenesteutvikling. Å setja inn tiltak for  å kunne bu lengst mogeleg heime med sjukdom/funksjonstap har dels samanheng med implementering av velferdsteknologi, men òg med tiltak  innan bustadtilpassing,  universell utforming, samfunnsplanlegging generelt og øvrige tekniske hjelpemiddel.

Gevinstar:

Prosjektet vil basere seg på dei effektane som er dokumentert  gjennom nasjonale rapportar om gevinstrealisering. Det vert gjort måling av eigne oppnådde gevinstar, men òg bruk av felles metodar og resultatrapporteringar for gevinstrealisering gjennom det nasjonale velferdsteknologiprogrammet.

Organisering:

Masfjorden kommune er vertskommune for prosjektet. Prosjektleiar og prosjektmedarbeidarar vil yte tenester til alle kommunane. Les meir i styringsdokument som Prosjektplan, Opplæringsplan og Kommunikasjons- og informasjonsplan.

Det er oppretta styringsgruppe, prosjektgruppe, referansegruppe etc.  Les meir i Prosjektmandat.