Nordhordlandskommunane utarbeida i mars 2017 felles søknad om opptak i det nasjonale velferdsteknologiprogrammet. Kriteriet for å bli med i programmet var blant anna at fleire kommunar gjekk saman om felles søknad. Masfjorden kommune innehar vertskommunerolla.
Prosjektet er stort, og omfattar mange delar. Dei 10 kommunane har ulik ståstad, og behov for opplæring, kompetanseheving, anskaffing med meir er derfor ulikt.

Hovudmål til prosjektet er:
« I 2020 er velferdsteknologi ein naturleg del av tenestetilbodet i Nordhordlandsregionen. Innbyggjarane skal få etablerte og velfungerande velferdsteknologitenester uavhengig av alder, funksjonsnedsetting og bumiljø.»

Her legg prosjektet sine statusrapporter som kjem ut omtrent to gangar i året.

Statusrapport 01.07.2018

Statusrapport 01.02.2018