Ved at Nordhordlandsprosjektet er tatt opp i det Nasjonale velferdsteknologiprogrammet  har ein fått hjelp av PA consulting til å drive ein felles prosess i alle kommunane. Det har vore gjennomført  work shop 03.10.17, 06.12.17 og 30.01.18. Her har leiarar og ressurspersonar i kvar kommune delteke. I samlingane har PA consulting informert og rettleia om bruk av diverse verktøy i www.samveis.no for å drive arbeid  ute i kommunane. Sentrale tema  på samlingane har vore forankring, innsiktsarbeid, endringsleiing,  arbeid med tenesteforløp og gevinstrealisering.
Til  samlingane har kommunane fått ei heimelekse med diverse oppgåver og oppdrag. Ei viktig  oppgåve har vore å lage forankringsplan med informasjon ut i eigen kommune. I tillegg har det vore prosess med diverse innsiktsarbeid i kommunane. Dette har vore gjort i form av kartlegging av behov til brukarar, pårørande,  og tilsette gjennom intervju og innhenting av fakta i verksemda. Resultat og analyse av dette arbeidet har gitt  kommunane innsikt og informasjon om kva behov som føreligg når det gjeld velferdsteknologi. Dette er med å danna grunnlag for anbodskonkurransen som skal gjennomførast i prosjektet i 2018.

 

Neste samlingar vert 12.03. og 05.06.2018.

 

 

PA consulting – opplæring for kommunane