Prosjektgruppa i Nordhordlandsprosjektet møtast den første onsdagen i månaden

Prosjektgruppa sin jobb er å gå gjennom og drøfte saker som er relatert til Nordhordlandsprosjektet sin prosjektplan. Prosjektgruppa har ansvar for framdrift og gjennomføring jamfør prosjektmål og retningslinjer i det Nasjonale velferdsteknologiprogrammet. Det vert rapportert månadleg til velferdsteknologiprogrammet.

Referat frå møtene vert sendt til dei 10 prosjektkommunane for publisering på postlistene.

Prosjektgruppa består av (f.v.).

  • Helge Kvam (rådgjevar helse og omsorg, Meland kommune)
  • Nils Ingvald Halle (rådgjevar IKT NH)
  • Anita Lønnebakken Sævild (prosjektmedarbeidar, Nordhordlandsprosjektet)
  • Gro H. Dyrdal Løvik (prosjektmedarbeidar, Nordhordlandsprosjektet)
  • Kari Eidnes Bjørkheim (prosjektleiar, Nordhordlandsprosjektet)
  • Per Waardal, (spesialrådgjevar Utviklingssenter for sykehjem og hjemmetjenester Hordaland)
  • Helga Ellingsen (helse- og omsorgsleiar, Masfjorden kommune)
  • Rosalind Instebø (Hovudtillitsvald fagforbundet, Radøy kommune)
    Oddrun Storheim Hoel, (prosjektmedarbeidar, Nordhordlandsprosjektet) var ikkje til stades då biletet vart tatt.

 

Prosjektgruppa i Nordhordlandsprosjektet