STAD/TID:  Hagellia 6, Knarvik  10.01.2018 Kl. 13:30 – 15:00

Til stades:

  • Gunn Glimsdal – samhandlingskoordinator Haraldsplass,
  • Tord Moltumyr helsesjef Meland,
  • Unn- Iren Tangedal  HTV- NSF Austrheim,
  • Ingvild Sylta (vara i prosjektgruppa)HTV- Fagforbundet Osterøy,
  • Mabel Johansen Husbanken,
  • Laila Pletten Ytre NH demensforeining,
  • Oddrun Vabø, pensjonistutvalet Hordaland,
  • Margareth Lilletvedt, NFU Lindås og Masfjorden,
  • Lars Erling Aarland personvernombod IKTNH,
  • Torstein Mehus teknisk Vaksdal,
  • Svein Gjerstad bustadkontor Lindås.
  • Per Waardal, prosjektgruppa,
  • Tore Horne IKTNH,
  • Nils Ingvald, prosjektgruppe,
  • Kari Bjørkheim, prosjektleiar,
  • Anita Sævild, prosjektmedarbeidar,
  • Gro Løvik, prosjektmedarbeidar,
  • Elin Eikemo, prosjektmedarbeidar.

Forfall:

  • Rune Heradsveit og Anne Hildegunn Færøy – NUI,
  • Rolf Martin Tande kommuneoverlege Masfjorden,
  • Astrid Uthaug, NFU Gulen,
  • Karl Johannes Romarheim brannsjef  i Lindås, Meland, Modalen,
  • Heinz Diehl helse og omsorg Fedje,
  • May Hundvin NAV Nordhordland,
  • Hildegunn Baravelli, responssenteret Lindås.

 

Saker:

01/18- Bakgrunn for prosjektet og søknad:

Det vart først tatt ein runde med presentasjon av  prosjektmedarbeidarane og deltakarane  frå referansegruppa på møtet. Prosjektet vart presentert og det vart vist ein film om brukarar og pårørande si erfaring med velferdsteknologi.

02/18- Status opplæring og lokalt arbeid

Det vart presentert  status i forhold til opplæringsplan med  oppstart/gjennomføring av velferdsteknologien ABC for dei tilsette.  Work shop  har vore gjennomført ved hjelp av PA consulting og  det vart vist til lokalt arbeidsseminar ut i kommunane  som vert gjennomført, samt arbeidet   ressurspersonane i kommunane driv  i samarbeid med lokale arbeidsgrupper. Det vart vist til informasjon som ein kan finne på prosjektet si  heimeside: Nordhordlandsprosjektet.no og facebooksida: Nordhordlandsprosjektet – saman om velferdsteknologi.

03/18 Anskaffing – framdrift 2018

Presentasjon av kva som skal anskaffast av tryggleikskapande teknologi med alarmar og  sensorar, medisineringstøtte, lokaliseringsteknologi, pasientvarslingsanlegg og plattform/responsløysing. Det vart informert om arbeidsgruppe med tverrfagleg kompetanse som arbeider med dette.  Det vart vist til behovskartlegging som har vore gjennomført i fellesskap og lokalt, som skal danna grunnlag for anskaffinga.

Det vart informert om arbeidet som har vore gjort i forhold til  sondering av samarbeid med andre kommunar, der Fusa og Os har gitt signal om at dei ynskjer eit samarbeid. Dette for volum og slagkraft inn mot leverandørmarknaden.

Det vart tatt ein gjennomgang av  overordna framdriftsprosess for anskaffing. Det vert ein  anbodsprosess første halvår 2018 med  kontraktoppfølging og leveranse 2.halvår 2018 . I 2019 vert det arbeidd med  implementering i  kommunane. Målsetjinga er at velferdsteknolog skal vera ein naturleg del av tenestetilbodet innan 2020.

På spørsmål i møtet vart det opplyst om at ein satsar på leige og ikkje kjøp av utstyr for å ikkje bli sitjande med gamalt utstyr. Ein ynskjer i kontrakten å få med at ein skal få tilgang til utstyr med ny teknologi til ei kvar tid. Må ha nok utstyr i forhold til variasjon og svingande behov. Interkommunalt samarbeid viktig.  Må sikre  avtale om lager.

04/18: Gjennomgang av mandat , forankring.

Det vart tatt ein gjennomgang av prosjektmandatet og forankring.

Spørsmål kring om velferdsteknologi gjeld yngre relatert til å være sjølvstendige og kome i jobb, og om det gjeld i heimar. Informasjon om at prosjektet omfattar både institusjon, heimetenesta og bustader.  Skal vera uavhengig av alder, funksjonsnedsetting og bumiljø.  Noko av utstyr kan være ordinære hyllevarar.

05/18: Korleis kan referansegruppa nyttast og være med å forme prosjektet?

I møtet vart det drøfta møteform, omfang og kommunikasjon mellom prosjekt og referansegruppa.

Det var i utgangspunktet tenkt å ha eit par faste møter i året med referansegruppa.

Det kom inn følgjande innspel:

  • Spørsmål og problemstillingar kan sendast ut i forkant av møter, slik at forbund og organisasjonar kan drøfte det med sine medlemmer.
  • Utifrå agenda på møte melde frå kven som kjem og det er aktuelt for.
  • Alternativt til møter kan prosjektgruppa sende ut spørsmål til alle i referansegruppa på e-post. Dei som har innspel og noko å bidra med svarar.
  • Kommunikasjon begge vegar ved at referansegruppa også kan koma med innspel og spørsmål til prosjektgruppa.
  • Representantar som har noko til felles kan evt. samlast gruppevis når aktuelt.
  • Mykje å ta stilling til både innan fag og jus – kan sendast førespurnad til referansegruppa.
  • Sende ut relevante dokument til høring.
  • Referat kan leggast ut på heimesida.
  • At teknologien fungerar vert vekta høgt – ikkje berre pris.

Det vart stilt spørsmål rundt ein del tema knytta til velferdsteknologi:

  • Må forholda seg til gjeldane regelverk. Vert gjennomført opplæring for alle rundt lovverk og etikk.
  • ROS analyser. Vert arbeidd i ulike delar av prosjektet både internt og lokalt i kommunane. Treng bl.a utarbeidast felles kring informasjonsutveksling og overføring.
  • Betaling for brukarane. Skal jobbast med felles standardar. Regelverket vert jobba med no på nasjonalt nivå. Regelverk pr. i dag tilseier at det ikkje skal takast eigendel når velferdsteknologi erstattar helsehjelp. Kan ta betaling når det gjeld førebyggande tiltak.

I tillegg vart det etterlyst korleis ein i tilstrekkeleg grad kan ivareta dei dårligaste psykisk sjuke som ikkje  blir representert og vanskeleg får same tilbod som andre grupper. Prosjektet vil  gjennom informasjonsarbeidet jobba med å nå ut til fastlegar og har lagt opp til å inkludere brukarar i  psykisk helseteneste generelt i prosjektet. Velferdsteknologi er i  utgangspunktet tiltak som kan nyttast inn mot alle brukargrupper, der ein ser det er eit teneleg verktøy.

Det vart trekt fram at det viktig med eit tverretatleg  og tverrfageleg samarbeid i forhold til prioritering og bruk av ressursar i samband med bruk og gevinstar med velferdsteknologi.

Etter litt diskusjon vart ein samde om eit nytt møte,  som i etterkant er fastsett til 13.06.2018 kl 13-15. på Dampen i Knarvik.

Knarvik, 16.01.2018

Elin Eikemo
Referent

Referat frå møte i referansegruppa 10.01.2018