Mandag 27.08.18 arrangerte KnarvikMila og Pensjonistforbundet seminar i Knarvik

Arrangementet føregjekk i Knarvik kyrkje, som var så og sei fullsett av pensjonistar frå heile regionen. Det var nærare 500 personar. Programmet bestod av varierte innslag m.a. med opning av Lindås-ordføraren og lokale kulturelle innslag. På agendaen stod temaene folkehelse og god helse og omsorg for eldre, økonomi og velferdsteknologi. Prosjektleiar Kari Bjørkheim presenterte Nordhordlandsprosjektet – saman om velferdsteknologi. Mange deltakarar på seminaret gav tilbakemelding om at dette var interessant å høyre på og at det er eit svært viktig tema. Dei gav ros til det regionale arbeidet som vert gjort i Nordhordlandsprosjektet.

Om arrangementet
Ein «friskare» kvardag og verdigheit for eldre»
KnarvikMila og Pensjonistforbundet inviterer til seminar for pensjonistar og helsepersonell. I tillegg til eit flott program, blir det tur i Brekkeløypa og lunch i Nordhordlandshallen. Gratis inngang og ope for alle. Inga førehandspåmelding. Les meir om arrangementet her: https://www.knarvikmila.no/pensjonist-seminar/

Ei så og sei fullsett kyrkje med deltakarar på seminaret
Opning av seminaret av Lindås-ordførar Astrid Aarhus Byrknes
Helge Brekke med innlegg om viktigheita av Folkehelsearbeid
Kari Bjørkheim om Nordhordlandsprosjektet – saman om velferdsteknologi
Dei tilsette i Nordhordlandsprosjektet i nye prosjekt-skjorter f.v. Elin Eikemo, Anita L. Sævild, Kari E. Bjørkheim og Gro H. D. Løvik (manglar på bildet: Oddrun S. Hoel)
KnarvikMila vart arrangert for første gang i 1982 med Helge Brekke som initiativtakar og FIL AKS-77 som arrangør. Brekke har vore primus motor fram til han takka av som styreleiar i 2018. Arrangementet består av fleire idretts- og kulturarrangement. Det var nesten 8000 deltakarar i 2017. Knarvikmila har mange lokale samarbeidspartar m.a. Lindås kommune. Les meir her: https://www.knarvikmila.no/arrangr/
Seminar for pensjonistar i regi av KnarvikMila 27.08.18 – Innlegg om Nordhordlandsprosjektet