Nordhordlandsprosjektet- saman om velferdsteknologi  

01.03.2017- 01.02.2018

 Nordhordlandskommunane utarbeida i mars 2017 felles søknad om opptak i det nasjonale velferdsteknologiprogrammet. Kriteriet for å bli med i programmet var bl.a at fleire kommunar gjekk saman om felles søknad. Masfjorden kommune innehar vertskommunerolla.

Prosjektet er stort, og omfattar mange delar. Dei 10 kommunane har ulik ståstad, og behov for opplæring, kompetanseheving, anskaffing  mm er derfor ulikt.

Hovudmål til prosjektet er:

« I 2020  er velferdsteknologi ein naturleg del av tenestetilbodet i Nordhordlandsregionen. Innbyggjarane skal få etablerte og velfungerande  velferdsteknologitenester  uavhengig av alder, funksjonsnedsetting og bumiljø.»

2017

  • I mars var det oppstart i prosjektet med  skriving av søknad om opptak i det Nasjonale  velferdsteknologi-programmet. Vart oppretta ei midlertidig prosjektgruppe for å  planlegge omfang og framdrift av prosjektet.
  • Frå august til april vart det gjennomført ulike informasjonsmøter og samlingar med kommunane. Det vart lagt vekt på å få i gang ein prosess for å få involvert alle kommunane, samt vera med i diskusjon om utlysing av stillingar og tilsettingar.
  • I august vart det lyst ut stilling til prosjektleiar i 100 % stilling, og 2 prosjektmedarbeidarar i 50 % stilling.
  • I september og oktober var hovudfokus på å utarbeide organisasjonsstruktur, strategi, styringsdokument ,prosjektmandat, mål, delmål og milepelsplan. Det vart og informert  om prosjektet i regionrådet og helseutvalet. I oktober vart prosjektmandatet godkjent i styringsgruppa.
  • I oktober, november og desember var fokuset å samkjøre kommunane, få felles visjon og logo. Starte arbeidet med  forankring i alle lag av kommunane som politikarar, administrasjon, tilsette og brukarar.

Det vart nedsett ei ressursgruppe med personar frå alle kommunane med geografisk spreiing for å sikre at  alle får lik informasjon, felles ståstad og mål. Det vart òg gjennomført ei  kartlegging  av status i kvar kommune på alt frå tenester til kompetanse, for å avklare behov. Dette arbeidet vil ligge til grunn for opplærings- kompetansebehov lokalt i kvar kommune, ulike satsingsområder og gevinstrealisering.

2018

  • Januar vart prosjektplan ferdigstilt, og det har vore gjennomført lokale arbeidsseminar i 7 av kommunane. Dei  3 resterande kommunane skal gjennomføre desse samlingane i februar.

Vart oppretta ei  tverrfagleg arbeidsgruppe som skal arbeide med   anskaffing av velferdsteknologi, tryggleikskapande teknologi mm.

 

Gjennomførte tiltak i perioden:

Workshop PA- Consulting:

3.nov., 6 des.2017 og 30. jan 2018. Sjå eigen artikkel

Velferdsteknologiens ABC:

  1. pulje ca. 230 personar har deltatt frå november i opplæring av velferdsteknologiens ABC.   Sjå eigen artikkel

Konferanse:

7.nov 2017 vart det gjennomført ein konferanse om velferdsteknologi for politikarar, administrasjon, leiarar, hovudtillitsvalde, verneombod. Representantar frå lag og organisasjonar, brukarrepresentantar og andre samarbeidspartar. Ca 230 deltok på denne.

Ressursgruppemøter:

02.11.17 og 03.11.18

Referansegruppemøte:

10.01.18

Førebuing anskaffing:

Informasjonsmøte for kommunar 12.12.17. Etablering av arbeidsgruppe. Sjå eigen artikkel.

 Lokale arbeidsseminar:

04.01.18- Masfjorden og Modalen

09.01.18 – Austrheim og Fedje

16.01.18- Vaksdal

22.01.18- Gulen

29.01.18- Osterøy

 Spreiing eksternt:

01.11.17 –Samhandlingsseminar Haraldsplass

21.11.17-   Innlegg USHT

10.01.18 – Innlegg  Fagskulen Bergen

12.01.18-  Utstilling toppleiarmøte Haraldsplass

23.01.18 – Innlegg forskingsrådet i Bergen

24.01.18 – Innlegg høgskulen på Stord.

25.01.18 – Innlegg IKT-samarbeidet Ryfylke

Status i prosjektet