Studiebesøk frå Trøndelag

13. -14. februar 2019 kom 25 tilsette med ulike roller innan velferdsteknologi i Trøndelag, på studiebesøk til Nordhordlandsprosjektet.
Inititivtakar til besøket var Kjell Øyvind Arntzen, prosjektleiar i VINA-prosjektet, Velferdsteknologi i Namdalen

Målet med studieturen var å lære og dele erfaringar. Dei besøkande representerte fleire velferdsteknologiprosjekt i Trøndelag. Trøndelags-fylket har samla koordineringa av velferdsteknologi i sitt fylket under Trøndelagsløftet. Informasjon her og her.

Dette var to inspirerande og lærerike dagar for alle deltakarar. Det at dei som jobbar med velferdsteknologi kan møtast og kunne snakke om korleis løyse utfordringar og få til gode velferdsteknologitenester som fungerer i dagleg drift, er svært nyttig. Effekten er at andre kan nytte seg av det som er suksess for nokon og hindre at fleire havnar i same utfordringar og må gå ein veg andre har gått. Samtidig kan det å drøfte felles utfordringar medverke til betre framdrift og løysingar.

Prosjektkoordinator Trøndelagsløftet, Kirsti Fossland Brørs, delte erfaringar frå Trøndelag
Hildegunn Baravelli (Velferdsteknologi-koordinator i Lindås), og Oddrun S. Hoel (prosjektmedarbeidar) hadde to innlegg. Det første om erfaringar med velferdsteknologi i ordinær drift og arbeidet med ROS-analyse og beredskap knytt til velferdsteknologi.
Ståle Hauge, Planlegger samfunnssikkerhet og beredskap snakka om ROS-analyse og beredskap, samt om korleis brannetaten i Lindås er samarbeidspart med helse og omsorg i velferdsteknologi-tenesta i kommunen.

Presentasjonar frå desse dagane:

Agenda studietur Nord-Hordaland 13-14 februar 2019_01.02.19

PP 13.02.19 Trøndelagsløftet_VINA_status og endringsprosessar

PP 13.02.19 Trøndelagsløftet_VINA_ressurspersonar

PP 13.02.19 Trøndelagsløftet_VINA_Lindås-erfaringar

PP 14.02.19 Trøndelagsløftet_VINA_Alver overordna ROS og beredskap

PP 14.02.19 Trøndelagsløftet_VINA_Lindås ROS og beredskap

PP 14.02.19 Trøndelagsløftet_VINA_anskaffingsprosessen

 

 

Studiebesøk frå Trøndelag