Dette er ein tverrfageleg opplæringspakke  som KS i samarbeid med SINTEF og Høgskulen Sørøst-Norge har utvikla for tilsette i kommunale helse- og omsorgstenester. Målet for opplæringa er å gje ei forståing for kva utfordringar me står overfor, kvifor endringar bør skje no, og kva rolle tilsette har i dei ulike fasane i endringsprosessane . ABC-en består av fem emne som bygger på kvarandre. Emna dekker sentrale tema som lovverk og etikk, metodar for kartlegging av brukarbehov og eksempel på teknologiske løysingar som er i bruk i kommunane i dag. Det er og lagt vekt på å vise korleis kommunane kan teste velferdsteknologi i praksis, kva som krev av oppfølging og evaluering undervegs, og kvifor det er viktig å dokumentera erfaringar frå utprøvingane.

 

ABC-en består av 5 hefter med emne som bygger på kvarandre:

  1. Introduksjon til tenesteinnovasjon og velferdsteknologi
  2. Frå brukarbehov til ny løysing
  3. Lovverk og etikk
  4. Utprøving og vurdering av behov
  5. Overgang til drift

I samarbeid med Utviklingssenteret for sykehjem hjemmetjenester har me lagt opp til ei samling pr.hefte, der 3 er fellessamlingar for alle kommunane og 2 samlingar er lokalt i grupper ute i eige kommune.

Det har innan 01.01.18 vore gjennom ført 2 av 5 samlingar av  1. runde med ABC-en:
Omlag 200 tilsette har delteke på kvar samling.

Samling 1:  2 like dagar 26. og 27.10.17
Samling 2: Lokal samling i kommunane i uke 46 – 47.
Samling 3: 3 like dagar 11.01, 12.01 og 18.01.18
Samling 4: Lokal samling i kommunane i uke 4-5
Samling 5: 2 like dagar 22.02 og 23.02.18

Neste runde med velferdsteknologiens ABC startar opp med 1.samling med 2 like
dagar 24. og 25.04.18.

 

Velferdsteknologiens ABC