F.v. Torill Vebenstad (seniorrådgjevar, Fylkesmannen i Hordaland), Mona Hatlem (nettverksleiar) og Reidun Rasmussen (fagleiar, Farsund kommune)

18. september 2018 vart det gjennomført workshop  for tenester til mennesker med nedsett funksjonsevne

Bakgrunn for workshopen
Kommunane som har erfaring med velferdsteknologi tilbakemelder at personar med nedsett funksjonsevne og utviklingshemming kan kome litt i bakgrunnen når det gjeld å ta i bruk velferdsteknologi. Til dømes set lovverket andre krav til korleis vi må gå fram når personar med utviklingshemming skal ta i bruk velferdsteknologi. Nettverk for tenester til menneske med nedsatt funksjonsevne i Nordhordland og Nordhordlandsprosjektet ynskte difor å setje fokus på og å skape engasjement for velferdsteknologi til personar med utviklingshemming.

 

Samarbeidspartar i arrangementet

  • Nettverk for tenester til menneske med nedsett funksjonsevne i Nordhordland
  • Fylkesmannen i Hordaland
  • Utviklingssenter for sykehjem og hjemmetjenester i Hordaland
  • Nordhordlandsprosjektet

KORT OPPSUMMERING AV DAGEN

Mona Hatlem
ønska velkomen med mål for dagen:

  • få fram problemstillingar kommunane har når det gjeld velferdsteknologi til mennesker med nedsett funksjonsevne
  • bli inspirert og få idèar til korleis kome i gang
  • nettverksbygging

Kari Bjørkheim
orienterte om Nordhordlandsprosjektet – saman om velferdsteknologi og arbeidet i  Det nasjonale velferdsteknologiprogrammet Bjørkheim seier at det er ikkje eit spørsmål om vi skal bruke velferdsteknologi i tenestene til mennesker med nedsett funksjonsevne og utviklingshemming, men korleis. Viktige stikkord er skreddarsydde tiltak og tenester med mål om auka kvalitet og å styrke brukaren. Viktige verdiar er tryggleik, fridom og sjølvstendigheit. Det vil kreves kompetanse og endringsleiing.

Torill Vebenstad
hadde gjennomgang av hovudpunkta i HOL:  Helse- og omsorgstjenesteloven kap. 9
Lovverket med rundskriv har som mål å forebygge og legge til rette for å ivareta personane sin rettsikkerheit og regulerer naudsynt bruk av tvang. Inngripande varslingssystem vert alltid rekna som tvang etter HOL kap. 9. Det som er rekna som inngripande teknologi er teknologi som varslar automatisk t.d. dørsensorar. Vanleg tryggleiksalarm som brukar sjølv må utløyse er ikkje rekna som inngrupande varslingssystem. Det same gjeld brannalarmar, som er noko som skal vere i alle heimar. Dersom velferdsteknologi vert gitt som helsehjelp, så kan Pasient- og brukerrettighetsloven  kap. 4A kome til anvending.Kommunane vurderer gjennom faglege og individuelle vurderingar i kva tilfeller det er aktuelt å bruke inngripande varslingssystem. Kommunane er ansvarlege for forsvarligheten. Fylkeskommunen vurderer vedtaka og gjev godkjenning eller avslag.

Det vart tatt ein gjennomgang av casene i plenum opp mot lovverket.

Reidun Rasmussen
viste filmen Ivar og hans nettbrett
Risør har lagt planar og brukt flytskjema i sin prosess med å ta i bruk velferdsteknologi til mennesker med nedsett funksjonsevne. Heile prosessen har blitt dokumentert og effekt er synleggjort. Risør har tatt i bruk teknologi som er lett tilgjengeleg og ikkje krev tvangsvedtak. Dette er teknologi som hjelper brukar med planlegging og motiverer til aktivi fritid:  t.d. nettbrett, Geocahing og Memoassist. Rasmussen kom med ei viktig oppfordring: «Vi lever her og nå. Ikke la lovverket være begrensende for det som skal gjøres. Da kommer vi ikke i gang»

Mona Hatlem og Bernt Fjordheim
oppsummering av dagen

  • sjå muligheiter
  • gjer det enkelt
  • bygg nettverk og del erfaringar

 

Her finn du programmet for dagen og casene som var utgangspunktet
Program workshop 18.09.18 velferdsteknologi og mennesker med nedsett funksjonsnivå
Case til workshop velferdsteknologi og utviklingshemming 18.09 (1)

 

Her finn du presentasjonane frå dagen
Farsund_Reidun Rasmussen
Nordhordlandsprosjektet_Kari Bjørkheim
På lik linje _Torill Vebenstad_Fylkesmannen
Rettsikkerhet ved bruk av tvang og makt overfor enkelte personer med psykisk utviklingshemming_Torill Vebenstad_Fylkesmannen

F.v. Mona Hatlem og Bernt Fjordheim frå nettverk for tenester til mennesker med nedsett funksjonsevne i Nordhordland
86 påmelde deltakarar var samla til workshop
86 påmelde deltakarar var samla til workshop
Workshop: mennesker med nedsett funksjonsevne og velferdsteknologi